Arnfinn Kolerud kjem til Florø

Kolerud er kjend som ein god formidlar. Han debuterte med «Berre ikkje brøyteplogen kjem» i 1996, og han har fått ein rekke prisar for bøkene sine. m.a. Kritikarprisen, Nynorsk barnelitteraturpris og Guro Sandsdalens litteraturpris. Kolerud er for tida busett i Måløy. Bøkene «Når du først skal skyte nokon» og «Kom ikkje inn i mitt hus» er dei første 2 bøkene i planlagt trilogi om Vassbygda som klamrar seg til nynorsken. Morosame!
Biblioteket ynskjer velkommen til ei litterær oppleving!
Siste boka til Kolerud, «Kom ikkje inn i mitt hus», som er den boka som dannar utgangspunktet for opplesinga på biblioteket og med vaksne som målgruppe, har fått denne omtalen av Samlaget:
Morosamt og sært om ihuga nynorskingar
Berre ein siste, liten trassig landsby i nordvest klamrar seg til nynorsken. Resten av landet held seg til bokmål og engelsk. Bendik Uføre veddar huset sitt på at han skal få heile det norske folket til å samle på nynorske diktarkort. Det skal han greie med hjelp av makelause premiar og Enella Frø, ei dame som har forlese seg på dikt og som er sterkt plaga av tankesprang. Snart vekker dei nynorske diktarkorta harme og glede og tjuvar over heile landet. Austlendingane held krisemøte og ein minister i regjeringa må ta sin globus og gå.
Kom ikkje inn i mitt hus er andre bok i Vassbygda-trilogien. Første bok, Når ein først skal skyte nokon, kom i 2010.