Klar for skrivekurs?
Skrivesirkelen er så heldig å få nok ein runde med gratis skrivekurs med Eva Svanøe i haust. Vi startar opp onsdag 4. september kl 17:30 og ønskjer både nye og gamle deltakarar velkomne.
Kva gjer vi på kurset, lurer du kanskje på? Faktisk nytter vi mykje av tida til å – rett og slett – skrive. Her har du altså sjansen til å få det vesle sparket som mange av oss treng for å komme i gang med skrivinga. Det hjelper óg med tips og inspirasjonsoppgaver frå Eva. I tillegg deler vi tekstane våre med kvarandre, og alle er med å gi tilbakemelding. Det høyrest kanskje skummelt ut, men opplevinga har vore svært positiv for deltakarane så langt, med god og trygg stemning.
I haust satsar vi på kurskveldar på onsdagar kl 17:30 – 19:30. Programmet er allereie fastlagt, slik at det er mogleg å sette av tida i travle kalendarar. Følgjande kursdatoar er planlagde:
4. september
25. september
16. oktober
13. november
11. desember
Lokalet er, som tidlegare, Strandgata 38, kontorfellesskapet mellom Kvartalet Møbler og Aroma. Inngangen er frå parkeringsplassen utanfor Aroma.
Ellers går vi med planar om å få til både lesesirkel og forfattarforedrag framover. Følg med, følg med! Og gi oss eit hint om du ønsker å bidra, såklart!