Skrivekurs våren 2014
Vår faste kurshaldar, Eva Skomsø Svanøe, held kurs for skrivesirkelen også i vår. Vi hadde første kurskveld 22. januar, men om du ikkje rakk den, er det ingen problem å hive seg med undervegs. Her er programmet fram til sommaren:
Veke 9: Onsdag 26. februar 17:30 – 19:30
Veke 15: Onsdag 09. april 17:30 – 19:30
Veke 20: Onsdag 14. mai 17:30 – 19:30
Veke 23: Onsdag 4. juni 17:30 – 19:30
Medlemsskap i skrivesirkelen og deltaking på skrivekurs er heilt gratis!
Ellers: Sogn og Fjordane Skrivelag held kurs 1-2 gonger i året, og i vår ryktes det at det vert kurs med Rolf Losnegård på Førde Hotell 21. – 23. mars.
Og til slutt vil vi tipse om Eratu, som held diverse nettbaserte skrivekurs. Anbefalast!