Om Flora Skrivesirkel
Går du med ein forfattar i magen, eller er du berre glad i å skrive? Har du lyst til å utvikle deg vidare som skribent? Bli med i Flora skrivesirkel og få inspirasjon! Forfattar Eva Svanøe gjev oppgåver, held miniføredrag og rettleier. Ho har lang erfaring både som elev og lærar på skrivekurs. Alle i skrivesirkelen er med på responsrunder. Det er også muleg å ta med arbeid ein held på med heime for å få repsons på dette.
Skrivesirkelen er for alle som liker å skrive og har lyst til å utvikle seg vidare i lag med andre skriveglade.
Tips gjerne vennane dine!
Du kan også gjerne trykke Like på Facebook-sida vår, så du kan følge med på kva som skjer i skrivesirkelen.
Har du spørsmål? Kontakt Anne Marie på anne.marie@xox.no eller telefon 957 55 499!